Fitjarjente har vunne i Fjellrennet

Når me skriv slik, tenkjer vel alle på Mariann Vestbøstad Marthinsen, og det er rett.

Riddarveka 2014 som vert arrangert i desse dagar, er verdens største årlege vintersports-arrangement tilrettelagt for synshemma og rørslehemma, vert det opplyst i ein e-post frå Ina Helen Østby. Kvart år kjem nærare 500 deltakarar med funksjonshemming saman på Beitostølen for å vere med på aktivitetar og konkurransar i ski, skiskyting, alpint og snowboard. Her møtest norske og utanlandske utøvarar ei heil veke. Generalsekretær i Riddarrennet, Elisabeth Kollerød, uttalar kor viktig det er med opplevingar og meistring for deltakarar som er fysisk aktive trass i funksjons-hemming. Riddarveka har vore arrangert på Beitostølen sidan 1964.

Tidlegare denne veka vann Mariann som nemnt Fjellrennet i dameklassen for sitjande utøvarar 17 km med tida 1.06.10. Høgdepunktet i skiveka er Riddarrennet i morgon 5. april, der deltakarane går opp til 20 km. Dei som ønskjer det, kan få eigen medhjelpar.

steroide