Fitjarbu sentral i NM

Fitjarbu Arne Kjelsnes har har via Gålå Høgfjellshotell og Hytter ei sentral rolle i samband med Ski NM som vert arrangert i desse dagar.

Fitjarbuen Arne Kjelsnes (54) har hatt ei sentral rolla i samband med Ski NM langrenn del 2 som vert arrangert på Gålå i desse dagar.

Bedriftsrådgjevaren er for tida engasjert av Gålå AS med driftsansvaret for Gålå Høgfjellshotell og Hytter. Ei rekje av verda sine beste skiløparar har brukt hotellet som base i samband med Noregsmeisterskapet.

På biletet ser ein den skiinteresserte Kjelsnes omkransa av den nybakte noregsmeisteren på lagsprint, Eldar Rønning, samt vossingen Sjur Røthe og Øystein «Pølsa» Pettersen.

Kjelsnes seier i ein kommentar at konsulentoppdraget på mange måtar representerer eit av høgdepunkta i hans mangeårige hotellkarriere.