Torsdag 26. April 2018


Det spirer i fjellet

Det spirer allereie på eit av dei tre forsøksfelta til grunneigarlaget i Fitjarfjellet, og til våren håpar dei på to slåttar her.

Som Fitjarposten har skrive om tidlegare har Fitjar grunneigarlag starta eit forprosjekt for å sjå på moglegheitane for dyrking i Fitjarfjellet, anten til fôrproduksjon eller til beite for mjølkekyr. Når forprosjektet er ferdig skal ein ha samla nok informasjon til å kunna ta ei avgjerd om ein ynskjer å setja i gong med dyrking eller ikkje. Dette krev kartlegging av kostnader, optimal frø- og gjødningsbruk og avlingsforventing. Det skal og lagast ei skisse for organisering av eventuell dyrking og bruken av arealet. Harald Rydland, Tore Sigurd Fitjar, Reidar Kloster og Audun Inge Torvund sit i styringsgruppa for forprosjektet og Johannes Sandvik er prosjektleiar. 

Dyrking til fellesbeite og sommarfjøs i fjellet er ikkje unikt, men så langt styringsgruppa kjenner til har dette aldri før vore gjort i ein vindpark. Mange har synt interesse for prosjektet, både journalistar, politikarar og byråkratar.

Då prosjektgruppa synte området til ein journalist frå Nationen denne veka kunne ein allereie sjå at det spirte lysegrønt i beine rekkjer i det eine av dei tre forsøksfelta, nordvest for Olstjørna. Om graset vil rekka å etablera seg så godt at det overvintrar ser ein først til våren. Gjer det det kan ein rekka to slåttar på dette eit-måls store stykket allereie sommaren 2014. Dei to andre stykka, som ligg litt høgare oppe, vil verta sådd i våren 2014. På desse teigane rekk ein berre ein slått neste år og må venta til sommaren 2015 for å få full avling.

Harald Rydland fortel at dei satsar på grassortar som gjev to slåttar og at dei testar ut tre ulike frøblandingar på kvart felt: beitefrøblanding, silofrøblanding og raigras. Så langt ser alt lovande ut og alle sortane spirer, sjølv om beitefrøa som vart sådd litt djupt har brukt lenger tid på å koma opp.

På Blekje, der ein planlegg dyrking, er det langt ned til fast fjell, det er lite stein, det er godt med matjord og jordsmonnet verkar nærast sjølvdrenerande slik at ein ikkje treng grøfter for å verta kvitt vatnet. Dette gjer at dei som står bak prosjektet meiner alt ligg til rettes for enkel og vellukka dyrking. Om dei har rett og det viser seg at det er økonomi i prosjektet og bøndene er interessert kan det om nokre år bli 400 mål med saftig, grønt beitegras i Midtfjellet.

Mykje saftig grønt gras vil nok trekkja til seg både hjort og sauer og det ligg inne i prosjektet at ein må gjerda inn teigane om det skal verta noko avling av det.

- Det som blir spennande no er å sjå korleis grasblandingane vil trivast i fjellet og om dei klarer å overvintra, avsluttar Harald Rydland etter å ha vore på synfaring ved det spirande forsøksfeltet.

 

 

 

 

 

Releasekonsert med Ole André Westerheim

25.04.2018 Kjetil Rydland

Ole André Westerheim med den nye plata si, «Utanfor alt». Foto: Kjetil Rydland.  Releasekonsert med Ole André Westerheim Førstkomande laurdag blir det konsert med Ole André Westerheim på Arena på Stord. Med på...

Les meir ...

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag

25.04.2018 Harald Johan Sandvik

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag Atle Tornes overrekte kommunen sitt stempel til Olaug Haugen.

Les meir ...

Takk for maten!

25.04.2018 Kjetil Rydland

Eva Fjeldstad med "Takk for maten! Boka som tarmen din har ventet på".  Takk for maten! Førstkomande fredag vil Eva Fjeldstad halda foredrag i Fitjar kultur- og idrettsbygg om boka si, “Takk...

Les meir ...
annonse

Kulturskulekonsert på Rimbareid skule

25.04.2018 Kjetil Rydland

Populære lærarar i Fitjar kulturskule, f.v. Ole André Westerheim, rektor Håvard Kroka, Jone Foldøy Grutle og Rune Nesse. Foto: Kjetil Rydland.  Kulturskulekonsert på Rimbareid skule Ein stor del av ungdommane i Fitjar...

Les meir ...

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar…

25.04.2018 Jonas Sætre

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar kommune Ein revisjon frå Deloitte syner at Fitjar kommune har store manglar i måten dei handsamar sensitive personopplysningar på.

Les meir ...

Bremnesingane var litt for sterke

24.04.2018 Kjetil Rydland

Jens Ragnar Helland scora det einaste målet for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Bremnesingane var litt for sterke Bremnes 2 vann 4-1 over Fitjar i ein kamp i 13-årsklassen på kunstgraset vårt i...

Les meir ...
annonse

– Stress er ikkje farleg!

26.04.2018 Kjetil Rydland

Her trødde Bjarte Stubhaug sine barnesko, i vår er han tilbake med stressmeistring for elevane på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland. – Stress er ikkje farleg! Rimbareid skule har dette semesteret hatt...

Les meir ...
annonse