Barberkurs

Seks modige mannfolk deltok på barberkurs med Torolf Myklebust i Fitjar såpekokeri denne helga.

Lørdag 6. juli var det barberkurs i såpekokeriet. Det var trangt, men triveleg. Seks modige mannfolk frå Karmøy hadde bestilt barberkurs saman; ein vennegjeng med godt humør og upåklageleg pågangsmot.

Instruktør på kurset var Torolf Myklebust, og mannfolka fekk lære om stropping av barberkniv. Etterpå fekk dei innføring i knivbarberinga si edle kunst, og dei fekk også barbere seg sjølv under kyndig veiledning frå kursinstruktøren.

Latteren satt laust, og lune kommentarar fylte såpekokeriet, men også stunder med andektig stillheit mens dei observerte sylskarp kniv i aksjon over tynn hud på bestekameratane.

Kurset blei gjennomført utan store blodsutgytelsar. Ein av kursdeltakarane var medlem av Røde Kors og stilte med fyrstehjelpskuffert. Han var behjelpeleg med Hello Kitty-plaster til ein som var uheldig og skar seg litt på haka.

Det er allment kjent at Hello Kitty-plaster er nesten like bra som Ole Brumm-plaster når det gjelder sårpleie. Men alle kursdeltakerne klarte seg godt, og forlot såpekokeriet med tro på at dette skulle dei klare sjølv. Og såpekokaren arrangerer gjerne kurs i knivbarbering til høsten også, hvis me klarer å samle nok deltakare!