Produserer elite-mjølk

To mjølke-produsentar på Fitjar fekk utmerking for levering av elitemjølk i høvesvis 15 og 20 år under produsentlaget si årssamling denne veka.

Det var under Tine si årssamling for Bømlo, Stord, Fitjar produsentlag, som i år fann stad på Fitjar sjø og camping, at utmerkingane vart kunngjort. 

Statistikkane til Tine syner at bøndene på vestlandet leverer den beste mjølka her i landet. For å oppmuntre mjølkeprodusentane til å vera ekstra opptekne av godt fjøsstell, god gardsdrift og leveringa av mjølk med særdeles god kvalitet premierer Tine dette med ulike plakettar. Mange mjølkebønder på Fitjar har motteke slike utmerkingar dei siste åra.

Einar Tislevoll som driv med mjølkeproduksjon på Tongane på Fitjar har gjort seg fortent til Sølvtina, som vert rekna som den gjevaste utmerkinga og som ein får for 15 års samanhengande levering av elitemjølk. Samstundes som mjølka må vera av beste kvalitet må ein og kunna syna til godt fjøsstell. Lillan og Håkon Hovstad som mellom anna driv mjølkeproduksjon på Hogste på Fitjar fekk, saman med Jan Harald Nesse frå Bømlo, 20 års plakett for levering av elitemjølk. I reglane for plakettutdeling heiter det for 20- årsplaketten at ein minst må ha oppfylt krava til elitemjølk 20 gongar (år) i løpet av ein samanhengande periode på 22 år. Det er og verd å merkja seg at Lillian og Håkon har motteke sølvtina tidlegare.

Det var Norvald Dalsbø frå Tine-styret saman med Lars Rydland, som er leiar i det lokale produsentlaget, som stod for kunngjeringa og overrekking av blomar. Sjølve utmerkingane vil produsentane motta seinare i vår. Plaketten vert delt ut under Reigionsmøtet for Tine Vest og sølvtina vert delt ut under ei markering i samband med årsmøtet for Tine. 

Under den lokale årssamlinga var det og val av nytt styre (arbeidsutval) i produsentlaget. Lars Rydland frå Fitjar gjekk av som leiar i laget og gav stafettpinnen vidare til  Øystein Huglen som får med seg Oddvar Oldereide og Randi Dalen i styret.