Sandblåsing på gang

I samband med at Fitjar Mekaniske Verksted har starta på jobben med Skomvær vert det sandblåsing på verkstaden både laurdag 2. februar og truleg nokre dagar neste veke.

Det er Stein Gunnar Halleråker ved Fitjar Mekaniske Verksted (FMV) som opplyser dette til Fitjarposten. Verkstaden ynskjer at folk i nærområdet skal vera klar over dette og vera førebudd på at det kan verta litt støy. Det er ikkje så ofta FMV gjer slikt arbeid. Når dei no må gjera det prøver dei å dekka skipet til, men likevel kan det verta litt støy og råk, opplyser Halleråker. 

Skomvær vert bygd på oppdrag frå kystverket og skroget har kome til Fitjar frå Riga. På FMV skal det tomme skroget ferdigutrustast med elektrisk anlegg og motor. FMV har tidlegare bygd Utvær for kystverket. Skomvær er søsterskipet til Utvær. Verkstaden er no i startfasen i arbeidet med skipet, og det er derfor det vil verta ein del sandblåsing og maling i dagane som kjem.