Sjøsetting av fôrflåte på nesten 200 tonn

Rett før helga vart ein tung fôrflåte løfta og sjøsett ved Fitjar Mekaniske verksted. 

Fôrflåten er eit reint Fitjar Mekaniske-produkt, dei har både teikna og bygd flåten, men for å gjera det tunge løftet for å få den frå kaien til sjøen måtte dei leiga inn Eide lift. Eide lift kan ta løft opp til 200 tonn. Flåten er bygd i verkstadhallen og vog 185 tonn ved sjøsetting, og var såleis heilt opp til grensa av kva dei kunne klara, og derfor måtte flåten løftast utan at styrhuset var satt på. Styrhuset står på kaien og vert satt på plass den komande veka,  fortel Åsmund Sørfonn ved FMV. Det er Kobbervik og Furholmen oppdrett AS i Austevoll som driv med oppdrett av laks og aure som har bestilt fôrflåten. Når flåten no er kome på sjøen og styrhuset kjem på plass skal den ferdigstillast der ved kai, med innreiing og elektroarbeid og så skal fôrflåten vera klar til levering 28. august.