Endå ein ordre til FMV

– Me har i dag skrive byggjekontrakt med Kobbervik & Furuholmen Oppdrett AS, Austevoll, på levering av ein fôrflåte, fortel verftsdirektør Hugo Strand til fitjarposten.no.

Han fortel at designet er FMV sitt eige (Sjå 3D-modell), og at flåten er utvikla i godt samarbeid med Kobbervik & Furuholmen.

– Eg er godt fornøgd med at FMV klarer å levere eit så godt design i eigen regi. Det fortel om både arbeidslyst og kapasitet hos våre tilsette. Geir Arne Isdahl som blir blir vår prosjektleiar, har òg delteke aktivt i design- og salsprosessen og gjort ein god jobb med det, saman med Åsmund Sørfonn, legg Hugo Strand til.

Overleveringa vil skje i mai 2012, og produksjonsstart blir januar 2012. Den eksakte prisen er konfidensiell, men fitjarposten.no erfarer at den er på over 10 millionar kroner.

Dette blir den tredje fôrflåten FMV byggjer. Dei to første blei levert no i vår.

– Me fortset satsinga innan "FMV Havbruk", og også denne flåten blir spesialtilpassa kunden sine behov og ønskje, fortel Hugo Strand, som gler seg over at eit slikt prosjekt fører til mykje aktivitet på Sveiseneset.

– Det er vidare godt for FMV å vere representert i fleire marknads-segment, sluttar han.