Mannskapsskifte i Sandvikvåg

Frå 1. januar 2011 vert butikken A. Johs. Sandvik på Sandvikvåg lagt ned, og Vågen`s kro tek over.

Det er eit 102-årig familieføretak som vert avslutta når Annbjørg og Harald Johan Sandvik no takkar av med butikkdrifta.

– Me opplever at tida er mogen for dette no, seier dei og fortel samstundes at dei vil fortsetja utleigeverksemda dei har i Færøysund.

– Og så vonar me å få jobba meir med hobbyar som av tidsklemma har kome i baklekso, seier dei.

Ny eigar vert Arne Vågen, og det nye firmaet har fått namnet Vågen`s kro.

Om Arne Vågen er eigar, er det døtrene hans, Hildegunn Vågen Reigstad og Elisabeth Vågen, som skal driva kroa. Dei fortel at daglegvareforretninga no er slutta av, at lokalet er innreidd med bord og stolar – og om nye spennande rettar. Dei gjev òg tilbod om catering.

Meir i papirutgåva som kjem på torsdag.