Frå India til Fitjar for forskingsfartøy

Dr. P.S. Rao er forskar ved et av dei største havforskingsinstitutta i verda. Av alle skipskonsulentfirma på kloden, valde dei Vik-Sandvik når eit nytt superavansert forskingsskip skulle teiknast.

Skipet skal utføra målingar i det Indiske hav. Eit havområde som skil seg klårt ut i frå Stillehavet og Atlanterhavet med sine lunefulle monsunvindar som mang ein gong har herja landa i området med flom og anna elende. Nett dette skal dette skipet forska på. For å lære havet endå betre å kjenne og for å gjera tilhøva tryggare, og kunne gje meir presise meldingar om kva havet kan finna på å gjera. Berre langs kysten av India bur det rundt 400 millionar menneske, noko som seier sitt om kor viktig denne forskinga er.

Firmaet til Rao, National Institiute of Oceanography (NIO), har då òg som sitt motto å ” stadig forbetre vår forståing av havet rundt oss og formidle denne kunnskapen vidare slik at alle kan dra nytte av den.”

Liknande oppdrag i India tidlegare
Når Rao og forskingsinstituttet han jobbar i, tok kontakt med Vik-Sandvik for å be dei om å spesialdesigna dette skipet, var det fordi han kjende til at fitjarfirmaet hadde utarbeidd eit liknande prosjekt for India tidlegare, og såleis synt at dei har den fagekspertisen som skal til i denne samanhengen. –Havforskingsekspertise, har me sjølv, men korleis denne skal kunne nyttast i eit skip, ønskjer me at Vik-Sandvik skal hjelpa oss med, seier Rao.

Når det derimot gjeld verftet som skal byggja båten, har han ikkje bestemt seg enno. – Det er det same kor det ligg i verda, berre dei har den ekspertisen, og kan gje oss den kvaliteten, me er ute etter, understrekar han. Og signaliserer med det at Vik-Sandvik har det som skal til på konsulent/designsida.

Vann ”tenderen”
Oppdraget med det første forskingsskipet Vik-Sandvik fekk hand om i India, kom til på den måten at dei vart med på ein ”tender”, ei internasjonal oppdragsutlysing for å prøva å koma med i biletet når denne kontrakten skulle skrivast.
-Av alle tilboda som kom inn, vart Vik-Sandvik, eit anna norsk firma og eit tysk firma, valde ut fordi dei scora best på den tekniske delen av tilbodet. Men når óg den kommersielle delen av tilbodet vart vurdert, valde dei å bruke oss, smiler marknadssjef Gunny Sandvik i firmaet her på Fitjar.