Gåvedryss hos kraftlaget

Dei takka og bukka, representantane for dei mange som måndag kveld tok imot gode pengegåver frå Fitjar Kraftlag. I alt 520.000 kr kunne styreleiar Johannes Koløen fordela til lag og organisasjonar.

– Me priorieterer båe endar av livet, barn og unge, eldre og dessutan slike som treng litt ekstra hjelp i kvardagen for å få eit godt liv, sa styreleiar Johannes Koløen i Kraftlaget i samband med utdelinga.

Etter vedtektene kan kraftlaget dela ut inntil 10 prosent av netto overskot til allmenngagnlege føremål.  Søknadene var fleire enn før, truleg grunna betre kunngjering. I alt fekk Kraftlaget inn søknader på til saman over 1,5 millionar kroner.

Tildelingslista ser slik ut:

Fitjar Idrettslag 125.000 kr, Fitjar Musikklag, Fitjar Skulekorps og Fitjar Teaterlag  - Felles øvingsrom 100.000 kr, U-Caf 15.000 kr, Fitjar skulekorps 30.000 kr, Fitjar Skytterlag 50.000 kr, TenTreff 10.000 kr, S-klubben 2.-4.kl  jenter 10.000 kr, Fitjar Racing Team – utstyr 15.000 kr, Fitjar Racing Team – opplæring 15.000 kr, Diakoninemnda 15.000 kr, Demensforeningen 5.000 kr, Norsk Forbund for utviklingshemma Stord/Fitjar Lokallag 5.000 kr, FAU Rimbareid skule 20.000 kr, FAU Sælevik skule 10.000 kr, Dåfjorden Vel – Leikeplass Fiskaneset 10.000 kr, Havnahuset bu- og servicesenter  40.000 kr, Øvrebygda 4H 5.000 kr, Fitjar Karate Senter  5.000 kr, Fitjarstølane barnehage 15.000 kr, Fitjar KFUM KFUK Speidergruppe 10.000 kr og Frivilligsentralen – ungdomsarbeid 10.000 kr.

Tekst og foto: Stein Erik Gilje (Fitjar Kraftlag)