Turorienteringa i gang

Like visst som våren kjem turorienteringa til Fitjar Idrettslag. Postane er på plass ute i terrenget, og Øyvind Skålevik i orienteringsgruppa har selt dei første mappene i dag.

I år har o-gruppa lagt ut i alt 45 postar i Rossneset, på Rimbareid/Fitjarstølane og i området mellom Dalshaugane og Sæterbø. Også i år ligg postane slik at dei skal vera greie å nå saman med borna. Postane blir liggjande ute fram til 1. september. Pose med informasjonshefte, kart med innteikna postar, kontrollkort m.m. kostar kr. 130, og kan kjøpast på MX Sport hos Larsen Multihandel.

Også i år blir det turorientering på nett. Dersom du vil delta på nett, kan du gå til http://turorientering.no og klikka deg inn på klubben din frå oversikta. Her er det berre å registrera seg som brukar og logga inn. Etter kvar tur registrerer du postane dine på nettet. Her kan du halda oversikt over kor mange poeng du har, og samanlikna med andre. Du kan og skriva inn korleis turen var, ver og vind, og kor mange postar du var innom osv.

TurO-kontakt i idrettslaget er Annar Westerheim, 5410 Sagvåg. Du kan levera inn kontrollkort til han ved sesongslutt og få diplom, eller få kjøpt TurO-merke. Kontrollkort kan naturlegvis og leverast inn til ein av dei andre styremedlemmene: Sigmund Sætre, Per Audun Kloster, Rolf-Atle Rolfsnes eller Øyvind Skålevik. Fortel sistnemnde, som ønskjer oss god tur – med meining.