Sundag 24. Juni 2018


Kjem ikkje slaktebilen snart?

Kjea på Rydland har hatt ein god vinter, og om eit par dagar går dei første til slakt.

Veterinær og geitebonde Håkon Rydland Sæbø fortel at dei første kjea er klare til levering. Om eit par dagar sender han 20 kje til slakt på Nortura sitt anlegg i Sandeid. Dei største er 15 kilo, levande vekt, noko som tilsvarar ei slaktevekt på litt under det halve.

Minimum godkjend slaktevekt er 3,5 kilo. Etter kvart som dei 76 geitekillingane oppnår denne vekta, vil nesten alle bli leverte til slakt. Berre 5-6 av dei 76 kjea har utsikt til eit litt lengre liv. Dei reknar geitebonden med å setja på.

Hallstein er klar til slakt - eller kanskje er han den heldige som skal bli grabukk? Foto: Kjetil Rydland.
Hallstein er klar til slakt - eller kanskje er han den heldige som skal bli grabukk? Foto: Kjetil Rydland.
Gjennom denne enkle patenten har det gått mykje rimeleg mjølk frå Rydland Storfe til svoltne kje. Foto: Kjetil Rydland.
Gjennom denne enkle patenten har det gått mykje rimeleg mjølk frå Rydland Storfe til svoltne kje. Foto: Kjetil Rydland.
Det gjeld å vera om seg om ein skal oppnå godkjend slaktevekt. Foto: Kjetil Rydland.
Det gjeld å vera om seg om ein skal oppnå godkjend slaktevekt. Foto: Kjetil Rydland.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse