Måkar bane

Søndag middag var rundt ti fotballspelarar på kunstgraset og måka snø.

Så langt i vinter har både juniorane og A-laget til Fitjar IL måtte halda seg innandørs med treningane sine. Men A-lagstrenar Stein Gunnar Halleråker er utolmodig etter å komma seg ut i friluft. Derfor oppmoda han spelarane på sist trening til å vera med og måka kunstgrasbanen. Søndag middag møtte rundt ti ungdommar, og eit par ikkje fullt så unge spelarar, opp til dugnad.

Arbeidet med snøfresar og snømåker gjekk med liv og lyst. I dag var det ein snev av mildver i lufta, og kanskje gjorde det jobben litt lettare. I alle høve klarte spelarane å måka reint eit lite grønt felt. Kanskje ikkje nok til å gjennomføra ei fullverdig fotballtrening. Men med ei måkeøkt til vil det nok hjelpa.

Mange av dei yngste møtte trufast opp, og fekk god hjelp av Endre Bergesen med snøfresar. Foto: Kjetil Rydland.
Mange av dei yngste møtte trufast opp, og fekk god hjelp av Endre Bergesen med snøfresar. Foto: Kjetil Rydland.
Trond Henriksen reknar med å sleppa armhevingar på neste trening. Foto: Kjetil Rydland.
Trond Henriksen reknar med å sleppa armhevingar på neste trening. Foto: Kjetil Rydland.