Rydlandsmannen nyttar skogaveret

Skikkeleg vinter er godt skogaver, og det har fleire på Rydland nytta seg av.

I dag møtte me på Nils K. Rydland og sonen Nils Øyvind. Dei var i ferd med å ta ut ein del fint grantømmer som ungdommen skal bruka til det nye huset sitt. Til eit bustadhus treng dei rundt 50 kubikkmeter tømmer. Granene i Vesklio er ikkje kjempestore, så det går nok om lag to på kubikkmeteren. Dermed blir det mange tre å fella og kvista og dra ned til vegen. Men det vesle feltet med norsk gran ligg lagleg til, rett ovanfor riksvegen i Vekslio, der vegen går vestover til Svartasmoget.

Granene har dei kjøpt på rot av naboen. Me tok oss ikkje tid til å telja årringane, men truleg er dei rundt 80 år gamle. Nils K. Rydland og sonen har tenkt å skjera dei sjølve på si eiga sag på Tveita. Dei let vet over kvaliteten, men mange av granene har ein ørliten knekk nede på stamma. Fordi dei har stått imot vind og ver i alle desse åra.

Ein ørliten knekk skjemmer ikkje mykje. Foto: Kjetil Rydland.
Ein ørliten knekk skjemmer ikkje mykje. Foto: Kjetil Rydland.