Møkasilo!

Laurdag middag sprakk møkasiloen på Rydland, og møka rann ut over bakkane.

I 26 år har tresiloen til Lars J. Rydland gjort teneste som lager for kumøk. Men laurdag middag klarte han ikkje å halda på avføringa lenger. Han braut heilt saman nedantil, og rundt 300 kubikkmeter kuskit rann nedøver bøen.

Lars J. Rydland fortel at dei straks varsla Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor. Men det er nok ikkje den heilt  store katastrofen. Terrenget er flatt, og avløpet frå myra går i lukka røyr mange meter under bakken. Derfor er forureiningsfaren svært liten. Møka kjem til å trekkja ned i bakken, dersom ein ikkje blir svært uheldig med verforholda.

Lars J. Rydland fortel at dei må gå i gangs straks med å planleggja ny lagerplass for møka. Kuskit er den sikraste produksjonen dei har, og mottinga under floren er langt frå stor nok til all kuskiten. I dag har dei lagra kumøk i fleire betongsiloar rundt om, i påvente av at det skal bli råd å spreia den utover bøen. Lagringsplass er eigentleg ei utfordring, og no må dei gå i gang jo før jo heller med å tenkja. For det skal planleggjast, godkjennast og finansierast.

Når det gjeld den overfløymde bøen, er det nok ikkje så farleg; til våren var det meininga å pløya om Storemyr likevel. Men då med rundt 50 kubikkmeter kumøk, og ikkje 300 ...

Rikeleg med møk på Storemyr i år. Foto: Kjetil Rydland.
Rikeleg med møk på Storemyr i år. Foto: Kjetil Rydland.
Møka ligg godt der ho ligg nett no, og må over eit aldri så lite res for å nå dit ho ikkje bør nå. Foto: Kjetil Rydland.
Møka ligg godt der ho ligg nett no, og må over eit aldri så lite res for å nå dit ho ikkje bør nå. Foto: Kjetil Rydland.