Utruleg praktisk pumpebil

-Med ei rekkjevidde rundt 24 meter, kan denne bilen levera ferdigbetong rett i forskalinga til folk, smiler dagleg leiar Nils Andreas Brekke, godt nøgd med nyervervinga.

PumpebilenNo kan det altså vera slutt med trillebårslitet når me skal støypa. Det fjernstyrte, avanserte kran- og slangeopplegget på den nye bilen til Fitjar Betongindustri gjer at du kan få betongen nett der du vil ha han. Og sjølv om det er sett timepris for bruk av denne betongbilen, er det utruleg kor mykje du kan få gjort på nokre timar, når betongen sprutast rett på plass. – Er forskalinga på plass før bilen kjem, kan du på denne måten lett få støypt ein kjellarmur på nokre timar, får me vita. Så forferdeleg dyrt er det heller ikkje, i alle fall ikkje om ein tenkjer på trillebår-timane ein brukar for å få utført same jobben.

– Fleire og fleire entreprenørar, og privatfolk, brukar difor heller nokre kroner ekstra for å få utført støypejobben raskt og enkelt, seier Nils Andreas som legg til at bilen vart henta på Austlandet midt i januar. No skal dei bruka litt tid på å ”pynte brura” som Nils Andreas seier det , når han meiner at bilen skal ”shinast” opp litt.

Jamn , god utvikling
Fitjar Betongindustri vart starta inst i Breivikjo av Hans Breivik på slutten av 1950-talet. Det var behov for mangt og mykje etter krigen, og Breivik gjekk i gang med å produsera betongrøyr, kantstein, heller og kumringer. I tillegg køyrde han ut sand, sement og ferdigbetong. Han starta òg tidleg med å laga blokkstein.

I 1988 vart firmaet eit aksjeselskap, og med det vart det eit gradvis generasjonsskifte som førte til at Terje Breivik etter kvart tok over bedrifta. I 1997 flytta dei blandeverket ut til Aarskog, og i 1999 bygde dei den nye hallen der. I dag er Nils Andreas Brekke dagleg leiar, og han har òg aksjar i firmaet saman med Terje Breivik og eit par til.

Ferdigbetong viktigast I dag er det ferdigbetong som syt for hovudomsetninga til firmaet, etter at det lenge var produksjonen av kabelkummar som hadde førsteplassen. Men stadig leverer Fitjar Betongindustri òg handels- og byggjevarer til grunnarbeid samt sand, singel, sement, bygningblokker og andre blokkprodukt, belegningsstein, skifer, granitt og brustein.
– Det har vore jamn, god utvikling heile vegen. Med den nye bilen tek me endå eit steg framover, seier Terje Breivik.