Klart for skeisedag

Isen på Varhaugsmyro blir betre og betre, og i morgon blir det skeisedag.

Arbeidet med isen på Varhaugsmyro går kontinuerleg, og isen blir stadig betre. Derfor er det berre å finna fram skeisene og gjera seg klar til søndagens skeisedag. Mange ungar har allereie teke isen i bruk, og i morgon kl. 12.00 blir det altså skeisedag for store og små.

Herman Inge Aadland har funne fram sparken; det må vera mange år sidan sist me hadde sparkeføre. Foto: Kjetil Rydland.
Herman Inge Aadland har funne fram sparken; det må vera mange år sidan sist me hadde sparkeføre. Foto: Kjetil Rydland.