Kalvar på hyttetur

I føremiddag kosa kalvane på Rydland seg i novembersola.

Kalvane fått plasthytter med halmsenger, slik at dei skal få veksa opp i friluft. Førebels har Rydland Storfe kjøpt inn fem nye plasthytter til rundt 5000 kr kvar. Det er meininga at nye kalvar som kjem til, skal få flytta inn i plasthytter så snart dei er tørre, eller når dei er to-tre dagar gamle. Om sommaren kan dei nok flytta inn i hytta si same dagen som dei blir fødde.

Tore Sigurd Fitjar begynte med slike plasthytter i fjor, etter at metoden har vore brukt bl.a. på Jæren i fleire år. Og no følgjer altså Rydland Storfe etter. Når det er godvêr, som i dag, kan kalvane halda seg utandørs i garen sin om dagen. Om natta kan dei leggja seg i halmseng inne i plasthytta. Lars J. Rydland fortel at dei reknar med friskare kalvar på denne måten. Smittepresset blir mindre enn inne i den store floren, og dei meiner allereie å kunna sjå mindre leddbetennelse, magesjuke og lungebetennelse enn før. Derfor reknar dei med å kjøpa fire-fem nye plasthytter om ikkje så lenge. Dermed kan kalvane på Rydland sjå fram til ein smittefri oppvekst i det fri.

Lars J. Rydland legg til at den nye plansiloen ser ut til å bli ein suksess. Fôrkvaliteten er god, arbeidet med fôringa tar mykje kortare tid enn før. Til kvart mål bruker dei fem-seks blokker på til saman rundt fire kubikkmeter fôr. Siloblokkskjeraren på lesseapparatet har ein hydraulisk kniv som raskt kuttar opp blokker med fôr. Heile jobben tar 10-11 minutt, mot rundt ein halvtime då dei måtte henta fôret i dei gamnle siloane rundt på gardane.

Plansiloen på Rydland ser ut til å bli ein suksess. Foto: Kjetil Rydland.
Plansiloen på Rydland ser ut til å bli ein suksess. Foto: Kjetil Rydland.
Fem nye kalvehytter med fornøgde kalvar. Foto: Kjetil Rydland.
Fem nye kalvehytter med fornøgde kalvar. Foto: Kjetil Rydland.