Biene går til ro

I Færøysundet, som elles i bygda, er biene no i ferd med å gå til ro for vinteren.

I Færøysundet bur rundt 50 000 brune honningbier av typen apis mellifera. Her om dagen var birøktar Bård Inge Bø innom med 5-6 liter tjukk sukkerlake, som han fordelte på dei 9 bikubene han har ståande i skogen. Sukkeret treng dei som erstatning for honningen som han har "stole" frå dei. 100 kilo honning kunne og burde ha blitt meir, seier Bård Inge Bø, med meir tid og tolmod frå hans side.

Han må innom ein eller to gonger til denne veka med meir sukker, før han lar biene vera i fred til over vinteren. Då senkar dei aktiviteten til eit minimum, og begynner ikkje å flyga igjen før temperaturen i lufta kjem over 8 grader, i april ein gong. Då spørst det om journalisten vågar å vera med og helsa på dei.



Biene er blitt litt sløve, men ikkje for sløve til å prøva å stikka. Foto: Kjetil Rydland.
Biene er blitt litt sløve, men ikkje for sløve til å prøva å stikka. Foto: Kjetil Rydland.

Her begynte bisvermen å byggja, men dessverre klarte dei seg ikkje. Foto: Kjetil Rydland.
Her begynte bisvermen å byggja, men dessverre klarte dei seg ikkje. Foto: Kjetil Rydland.

Fine haustfargar i Færøysundet i helga. Foto: Kjetil Rydland.
Fine haustfargar i Færøysundet i helga. Foto: Kjetil Rydland.