Ordførar til fjells etter smalen

Ordførar Harald Rydland var på langtur i Fitjarfjedlet tysdag og fekk med seg heim rundt 50 sauer.

Når orføraren annonserer ein tur i fjellet for å henta heim smalen, reknar han nok med ein dag utanfor rampelyset. Men då har han ikkje heilt rekna med den kulørte landbrukspressa ...

På Eggjane, rett nedanfor Sæterbø-kvedno møtte me på ein sprek ordførar og rundt 50 sauer. Harald Rydland fortel at han gjekk opp forbi Svartavatnet og over Kidno i føremiddag saman med to gode hjelparar frå Rydland. Heilt inne mot Litlasåto, høgaste fjelltoppen i Fitjar, fann han dei fleste sauene. Så rekte dei utover høgaste Klysskar og nedover ein gammal smalasti over Færhovda og Melsmyrane og ned mot elva, som dei kryssa mellom Eggjafossen og Sæterbø-kvedno.

Dei fleste av dagens fangst tilhøyrer naboen Karl André Rydland; berre nokre få tilhøyrer ordføraren. Elles hadde dei fått med seg nokre få med blått merke. Dei høyrer til på Tveita. Men kven som eig verlammet med gult merke, veit dei ikkje enno. I morgon skal sauene sorterast, så dei finn nok ut av det.

Dei fleste tilhøyrer Karl André Rydland, medan dei med blått merke høyrer til på Tveita. Kven som eig verlammet med gult merke, er ikkje kjent enno. Foto: Kjetil Rydland.
Dei fleste tilhøyrer Karl André Rydland, medan dei med blått merke høyrer til på Tveita. Kven som eig verlammet med gult merke, er ikkje kjent enno. Foto: Kjetil Rydland.

 

Til slutt tok sauene mot til seg og kryssa elva ovanfor Eggjafossen. Foto: Kjetil Rydland.
Til slutt tok sauene mot til seg og kryssa elva ovanfor Eggjafossen. Foto: Kjetil Rydland.