Ny asfalt ved Rydlandssago

No er det endeleg lagt ny asfalt ved Rydlandssago, ikkje ein dag for tidleg.

Ikkje akkurat forbi Rydlandssago er det lagt ny asfalt; der ser det ut til at me må klara oss med den gamle. Kanskje for at me ikkje skal bli for godt vane.

Men dei verste stykka rett sør og nord for Rydlandssago har fått nytt dekke. I dag heldt NCC på ved Øykjafjedlet, men no har dei teke helg. Og helga varer heilt til tysdag. På valdagen, måndag, blir det ikkje asfaltering, men dagen etter er dei tilbake og legg meir asfalt i Rydlandsskogen.