Røyrleggjar på Årbø

Solheim Rør er eit nytt, tomanns røyrleggingsfirma med kontor i Ølen og på Årbø.

Firmaet blei oppretta i sommar av brørne Willy André og Gabriel Solheim. Sistnemnde er busett i Fitjar. Begge har framleis arbeid utanom firmaet sitt, men på sikt reknar dei med å byggja seg opp til å klara seg sjølve.

Dei satsar på alle typar jobbar i bustadmarknaden, både servicejobbar i gamle hus og totalpakkar i nye hus. Spesialiteten deira er varmeanlegg, som dei reknar med det vil bli aukande etterspørsel etter. Eldstemann, Willy André, har mykje erfaring med opplegg for vassboren varme. Han har 13 års erfaring som røyrleggjar, medan yngstemann, Gabriel, har 3-4 års erfaring. Dei meiner derfor at dei vil kunna ta på seg dei fleste typar jobbar. Kapasiteten meiner dei ikkje skal vera noko problem. Dei har tilgang på fleire folk til hjelp med større jobbar, men satsar på å vera to mann i overskueleg framtid.

Hovudkontoret til firmaet ligg i Ølen, der Willy André bur. Men dei satsar på heile området frå Haugalandet i sør til Fitjar i nord. Administrasjonen deira er svært liten; dei reknar ikkje med å ha eigne folk på kontor, og lager er ikkje nødvendig. Det dei har mest bruk for, har dei liggjande i bilen. Og det er kort veg til engroslager på Heiane og i Haugesund. Varer som dei bestiller hos Heidenreich eller hos Ahlsell før kl. 14.00, er på plass neste dag.

Solheim-brørne er med i røyrleggjarkjeda Rørkjøp - http://rorkjop.no -  som er oppretta for å hjelpa mindre bedrifter med å få gode prisar på materiell. Gutane ser lyst på framtida. Med dagens kommunikasjonar, kan dei dekkja eit stort område, men håper også det vil vera behov for dei i Fitjar.

Solheim-brørne håper folk skal kjenna att bilane deira. Foto: Kjetil Rydland.
Solheim-brørne håper folk skal kjenna att bilane deira. Foto: Kjetil Rydland.