Våt fiskefestival

Arrangøren Fitjar Framøve blei ikkje velsigna med godt og lagleg vêr under årets fiskefestival, men heile 73 deltakarar trassa regnet.

Det var 27 seniorar og 10 juniorar som fiska frå båt på Fitjarvikjo. Stongfiskarane talde 23 seniorar og 13 juniorar. Dei fleste av desse blei frakta ut til gode fiskeplassar på Fodno, Matløyso og Håskjeret, medan nokre få blei ståande på bryggja til Larsen. I tillegg til dei 73 på den offisielle deltakarlista fekk og rundt 40 ungar under 10 år prøva seg frå bryggjekanten. Magne Vestbøstad i Fitjar Framøve fortel at ungane fekk ei lita fiskestong, snøre til krabbefiske og vasstett etui til mobiltelefon.

Regnet såg ikkje ut til å leggja nokon alvorleg dempar på stemninga. Verken hos alle dei som etter kvart samla seg på Sjøsio hos Larsen, eller hos dei ivrige fiskarane. Men storfisken ville ikkje bita i dag. Største fisken, på beint 1 kg, var det junioren  Thomas Korneliussen som drog den i land på Fodno. Thomas vann også juniorklassen med stong totalt, med sine 3,8 kilo.

Dagens to beste stongfiskarar kjem begge frå Årbø, og begge fiska på Håskjeret, rett nord for båtlendinga i Nordfodno. Denne gongen var det Rune Aarbø som gjekk av med sigeren; med det nye utstyret sitt drog han i land 7,9 kg, og slo onkel Knut Berge med 1,5 kg. Også han klart føre Per Svein Bukkholm på 3. plass.

Båtfiske for junior blei vunne av unge Sander Tverborgvik med 1,65 kg, føre søstera Rebekka. På 3. plass kom Tobias Kleppe. Som vanleg var Oddvin Grindevik favoritt i seniorklassen med båt. Denne gongen var han nok litt usikker på om det heldt til siger då han kom til lands. Men det viste seg snart at med sine 19,75 kg var han vel 2 kg føre andremann, Thomas Peck. Nina Irene Strand på 3. plass fekk 15,5 kg.

Dei fem beste i kvar klasse blei premierte med gåver frå forretningar og andre næringsdrivande i Fitjar. Totalt blei det fiska 113 kg fisk, under årets fiskefestival. Det er mykje mindre enn før; t.d. for to år sidan fekk vinnaren åleine over 100 kg. Det kan tyda på at det er mindre fisk i havet enn før, undrar arrangør Vidar Larsen. Men det blei iallfall mykje god middag etter dagens fiske. Dei fleste deltakarane let storparten av fangsten, hovudsakleg makrell, liggja igjen på kaien. Dermed blei det høve for tilskodarane å få seg fisk til middag.

RESULTAT FRÅ FISKEFESTIVALEN 2009

Stongfiske junior:
1. Thomas Korneliussen   3,8 kg
2. Lisa Volden                 1,05 kg
3. Bjarte Sindre Myhre      0,95 kg
4. Henriette Tranøy          0,35 kg
5. Thea Vestbøstad          0,3 kg

Stongfiske:
1. Rune Aarbø               7,8 kg
2. Knut Berge Aarbø       6,4 kg
3. Per Svein Bukkholm   3,7 kg
4. Geir Bjarte Hatlevik    2,55 kg
5. Steinar Tranøy           1,95 kg

Båtfiske junior:
1. Sander Tverborgvik     1,65 kg
2. Rebekka Tverborgvik  0,8 kg
3. Tobias H. Kleppe        0,4 kg

Båtfiske:
1. Oddvin Grindevik       19,75 kg
2. Thomas Peck            17,7 kg
3. Nina Irene Strand      15,5 kg
4. Sven Harald Liarbø     8,65 kg
5. Vidar Mjønes              2,95 kg

Størst fisk i båt:
1. Thomas Peck             0,9 kg

Størst fisk på stong:
1. Thomas Korneliussen  1,0 kg




 

Ein nøktern Oddvin Grindevik er litt usikker på om dette held til siger. Foto: Kjetil Rydland.
Ein nøktern Oddvin Grindevik er litt usikker på om dette held til siger. Foto: Kjetil Rydland.