Håslåtten snart i hus

Bøndene i Fitjar er snart ferdige med håslåtten.

Første veka i august var me nett ferdige med førsteslåtten, og hadde knapt fått inn høyet. "Men det var før, det, og itte nå". Det er heilt tydeleg at vekstsesongen for graset på våre kantar har blitt mykje lengre; det er snakk om seks veker! Og bøndene i Fitjar har vore i gang med andreslåtten fleire dagar no. På Rydland har dei igjen leigt inn finsnittar frå Etne; den haustar inn 15-16 mål gras i timen dersom bakkane er store og velforma. I dag har det gått mykje tid med til å skrua, men alt i alt er det ekstremt effektivt innhausting.

Det veit me som stod i vekevis kvar sommar og hesja, i all slags ver, og det regna alltid... Ein bakke på 10 mål brukte me gjerne ei veke på å hesja. I dag bruker finsnittaren ein liten time på å hausta heile bakken. Rett nok må graset slåast på førehand. Men det tar berre ein halvtime å slå ein bakke på 10 mål. Det kunne me konstatera med sjølvsyn i dag då Tore Sigurd Fitjar for over Nyamyro på 11 mål på, ja, akkurat ein halvtime!

Mens bøndene på Rydland venta på at finsnittaren skulle komma i gang igjen, har dei vore i full gang med forhaustarane sine. Dei har òg leigt inn litt av ei "monstervogn". Orkel SPLITT 20 med innebygd forhaustar og 20 kubikk tar nesten dobbelt så mykje gras som dei vanlege avlessarvognene. Det kan sjå ut som avlinga er bra, og no er bøndene i Rydland Storfe i ferd med å fylla andre halvdelen av den store plansiloen sin.

Sjå link til finsnittar i aksjon: http://www.youtube.com/watch?v=9kQCmlyu1qQ