E39 stengt i natt

Politiet fortel at E39 blir stengt på Eide og Mehammar iallfall fram til i morgon tidleg.

Klokka 22.30 i kveld sperra politiet vegen på Eide. Vegen er også sperra på Mehammar. Dei fortel at vegen blir sperra fram til i morgon tidleg. Det blir arbeidd med å rydda vegen på Mehammar. Og dei ventar på geologar som skal vurdera tryggleiken før vegen kan opnast igjen.

Politiet fortel at det skal ha komme 60 mm nedbør i løpet av ein time på Mehammar. Det kan komma nye store nedbørsmengder i løpet av natta, og det er fare for fleire ras.