Førsteslåtten ferdig

I Fitjar er førsteslåtten ferdig, og bøndene seier seg nøgde med avlinga.

At førsteslåtten er ferdig før midten av juni, synest tidleg for oss som kan hugsa ein del år tilbake. Men det er ikkje spesielt tidleg i år, seier bøndene. Vekstsesongen til graset har blitt lengre dei siste femti åra. For førti-femti år sidan var det gjerne vanleg å starta siloslåtten rundt jonsoktider; då skaut graset. Men no skyt det fleire veker tidlegare.

På Rydland er dei fornøgde med førstelåtten i år. Det kan vel henda at det slo til også i år at "mai kulde gjør bondens lader fulde". Karl André Rydland fortel at dei har fylt ca. 700 kubikkmeter gras i den eine halvdelen av den nye plansiloen. I tillegg har dei fylt ca. 300 kubikk i siloane på Årbø. Med ein andre- og ein tredjeslått i vente, kan dei nok få fylt nokre hundre kubikk i den andre halvparten av plansiloen og.

Rydland Storfe ønskjer seg sin eigen finkuttar, men rundballar er dei truleg ferdige med.

Sjå link til finsnittar i aksjon: http://www.youtube.com/watch?v=9kQCmlyu1qQ