Gras i plansiloen på Rydland

I dag kom endeleg bøndene på Rydland i gang med å fylla i den nye plansiloen.

Den nye plansiloen på Rydland har stått klar til bruk nokre dagar, og i dag kom endeleg bøndene i gang med å fylla gras i han. Dei har venta på ein finsnittar som dei leiger inn. Maskinen som dei kjøpte i fjor blei ingen suksess; den fungerte aldri skikkeleg, og måtte leverast tilbake til forhandlaren.

Men i dag kom endeleg ein tilreisande finsnittar, med sjåfør. Og den har vore i full sving på bakkane på Årbø i heile dag. Det ser ut til å vera ei krevjande doning å handtera, verre enn ein gammaldags forhaustar. Den har dei fleste av oss klart å bli venner med.

Tre traktorar med avlessarvogner har kjørt i skytteltrafikk mellom Årbø og den nye plansiloen. Dei kjører rett gjennom siloen medan vogna tømmer seg, inn i eine enden og ut igjen i den andre. Til å jamna og stappa graset bruker dei ikkje gutungar med høygaffel, men ein 8 tonn tung traktor.

Framleis ligg store vidder med nyslege gras klart til å bli samla opp av finsnittarern. Med godt og lagleg ver tar det nok ikkje så mange timane.