Laurdag 20. Januar 2018


Plansilo på Rydland

I dag støyper Nesbø Forskaling botnen i den nye plansiloen til Rydland Storfe.

I løpet av dagen skal rundt 100 kubikkmeter betong frå Fitjar Betongindustri planerast utover botnen i den nye plansiloen til bøndene på Rydland. Siloen er 18 gonger 53 meter, noko som gir ei grunnflate på nesten 1000 kvadratmeter. Langsidene skal ha 2 meter høge betongvegger, medan det blir ope i begge endar, slik at det går an å kjøra ut og inn med traktor. I alt skal siloen kunna ta 1800 kubikkmeter silofôr. Dette er nesten like mykje som bøndene haustar av dei 5-600 hundre måla med eng som dei slår kvart år.

I tillegg til den nye plansiloen vil dei framleis bruka to gamle siloar. Dei forar nemleg med silofor heile året fordi dei ikkje har nok beite til alle dyra. Dermed må dei ha andre siloar å henta frå medan dei driv på med siloslåtten. Og det er ikkje få munnar dei har å metta. Med smått og stort er det mellom 160 og 170 dyr i den store fellesfloren. Av desse er 75 mjølkekyr. Dei produserer litt over 500 000 liter mjølk i året. Dermed fyller bøndene i Rydland Storfe opp heile kvoten som dei disponerer.

Lars J. Rydland fortel at kyrne i snitt produserer rundt 7000 liter i året. Den beste kua produserte nesten 14000 liter i fjor, eit tal som gir ein gammal bondegut hakeslepp. Sist laurdag produserte denne kua 71,5 liter mjølk på eitt døger! Det einaste stusselege med dette faktum er namnet på kua; det er ikkje mykje svung over namnet "Nr. 664". Kyrne heiter ikkje Magedutti og Dagros lenger ...

I byrjinga av juni reknar dei med at siloen er klar til bruk, altså i tide til førstelåtten. Heile siloprosjektet er kalkulert til rundt 1,3 millionar kroner. Engevik & Tislevoll gjorde grunnarbeidet, og Nesbø Forskaling har anbod på alt betongarbeidet.

 

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...
annonse
annonse

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...
annonse

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...