Olav P. Årland styreleiar i SIM

Olav P. Årland frå Austevoll er valt til ny leiar i Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS. Årland tek over etter Magnus Skåden frå Sveio. Berit Øvrebø Wiersen frå Stord er valt til nestleiar.

Valet fann stad på representantskapsmøtet i SIM fredag 12. mai.

SIM-styret har etter dette følgjande samansetjing: Olav P. Årland (Austevoll), Berit Øvrebø Wiersen (Stord), Svein Nesse (Sveio), Anne Line Innvær (Fitjar), Magne Rolfsnes (Bømlo), Grethe Barmen (Tysnes) og Øystein Herskedal (Kvinnherad).

Varafolk er følgjande: Sigrid Hovda (Sveio), Gisle Levåg (Fitjar), Leif Steinar Alfsvåg (Stord), Ruth B. Lønning (Bømlo), Bente Raknes (Tysnes), Anne Kristine Bakke (Austevoll) og Jostein Grov (Kvinnherad).