Triveleg på Sjøsio

Marknadsdagen på Sjøsio hos Larsen vart ei triveleg historie. Vêret som har herja med regn, vind og sludd dei siste dagane, synte seg òg ifrå den positive sida.

Overlag mykje folk på kaien var det ikkje, meir eit jamnt tilsig. Det var jo òg tilbod inne i Varehuset. Mellom anna synte Fitjar Landbrukskontor fram vakre lysbilete frå Fitjarøyane.

I teltet ute stilte Ingrid og Katrine frå 4H med deilige muffins, og innbaud samstundes til tippekonkurranse. Ein konkurranse som vart vunne av Ingeborg Prestbø.

Nystarta "Hogste Egg" selde egg på heile brett, og det var vidare høve til å kjøpe honning, spennande såpeprodukt frå Fitjar Såpekokeri - og villsauskinn frå Hanøy og Fodno. Dei på Fodno var villast, fekk me vite.

Ute på kaien stilte Odd Sverre Larsen opp med smaksprøvar på kjøt frå Fatland, og det var òg høve til å handla med seg heim saftige angus-biffar. Ellen Vestbøstad selde lefsar - og Traktor og Maskin A/S frå Øvre Vats var på plass med stilige, og praktiske, ATV-ar. -Me har allereie mange kundar frå Fitjar. No var det kjekt å koma hit og møta dei, samtundes som me fekk syne fram produkta våre til nye potensielle brukarar, smilte karane, før dei handla seg bakt potet på Annemor si utecafe.

Ein svært ung kalv med "iglo-bustad" var nok det mest spennande for dei aller minste.

Alt i alt ei triveleg stund, som gav meirsmak på fleire måtar.