-Gler meg

1. juli tok Silje Indreeide til som ny kjøkkensjef på Fitjar Fjordhotell. Me møtte ei sunnmørsjente full av entusiasme.

–Eg gler meg verkeleg til å ta fatt, og ser på denne jobben som ei kjempeutfordring. Det verkar svært kjekt her, seier Silje i møte med Fitjarposten.

Frå før har den dyktige 26 åringen jobberfaring frå «Union» i Geiranger og frå tre hotell i Beitostølen. Sjølv om ho framleis er godt under 30, har ho allereie erfaring både som soussjef og kjøkkensjef.

-Har du nokre spesialitetar?

-Vel, då må det vera kaker og dessertar, sjølv om eg kan laga det meste.

Eg likar utruleg godt å pynta og dandera ting fint til, anten det er kaker eller andre godsaker som skal serverast, smiler ho.