Katamaranbygging

I løpet av året skal Ole Kvernenes båtbyggeri AS ferdigstille to katamaranar på oppdrag frå Risnes Marinepartner i Sagvåg. Skroga til dei to katamaranane kjem frå Litauen, og det første vart henta til båtbyggeriet på Kalveid heilt i slutten av november. No har dei allereie fått på styrehus og er i gang med innreiinga av det. Røyropplegget er óg i gang, og etterkvart skal båten gjerast klar med maskin og det heile. – Me reknar med omlag tre månader med arbeid på kvar båt, så berre desse oppdraga gjev oss arbeid til godt ut på våren, seier Bjarne Kvernenes som fortel at det er første gongen dei har to-skrogsbåtar på båtbyggeriet. Men store oppdrag har dei hatt likevel. Heile åtte redningsskøyter har fått nye maskiner om bord hos «Kvednanesen», og dei tre siste av dei blei i tillegg bygd om med ny bru og nytt styrehus her. -Den store utfordringa med alle desse prosjekta er at me heile tida må tenkje plass og praktiske løysingar, seier Bjarne Kvernenes som synest det er greitt med slike oppdrag som går over tid. Elles tek båtbyggeriet stadig både små og store oppdrag, og har mange faste kundar som kjem for å få hjelp til både eitt og hitt. Det var i 1948 Ole Kvernenes starta båtbyggeriet på Kalveid, og heile tida har dei jobba med maskinmonteringar. Først på trefartøy som middelstore skøyter, og i dag altså på redningsskøyter og katamaranar. Nokre år bygde Kvernenes båtbyggeri fiskebåtar i tre heilt frå grunnen. Den siste av dei var fiskebåten «Asterix» som dei leverte i 1983.