Tirsdag 17. Juli 2018


Katamaranbygging

I løpet av året skal Ole Kvernenes båtbyggeri AS ferdigstille to katamaranar på oppdrag frå Risnes Marinepartner i Sagvåg. Skroga til dei to katamaranane kjem frå Litauen, og det første vart henta til båtbyggeriet på Kalveid heilt i slutten av november. No har dei allereie fått på styrehus og er i gang med innreiinga av det. Røyropplegget er óg i gang, og etterkvart skal båten gjerast klar med maskin og det heile. – Me reknar med omlag tre månader med arbeid på kvar båt, så berre desse oppdraga gjev oss arbeid til godt ut på våren, seier Bjarne Kvernenes som fortel at det er første gongen dei har to-skrogsbåtar på båtbyggeriet. Men store oppdrag har dei hatt likevel. Heile åtte redningsskøyter har fått nye maskiner om bord hos «Kvednanesen», og dei tre siste av dei blei i tillegg bygd om med ny bru og nytt styrehus her. -Den store utfordringa med alle desse prosjekta er at me heile tida må tenkje plass og praktiske løysingar, seier Bjarne Kvernenes som synest det er greitt med slike oppdrag som går over tid. Elles tek båtbyggeriet stadig både små og store oppdrag, og har mange faste kundar som kjem for å få hjelp til både eitt og hitt. Det var i 1948 Ole Kvernenes starta båtbyggeriet på Kalveid, og heile tida har dei jobba med maskinmonteringar. Først på trefartøy som middelstore skøyter, og i dag altså på redningsskøyter og katamaranar. Nokre år bygde Kvernenes båtbyggeri fiskebåtar i tre heilt frå grunnen. Den siste av dei var fiskebåten «Asterix» som dei leverte i 1983. anabolika kur

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse
annonse

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No…

12.07.2018 Jonas Sætre

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No ser eg veldig lyst på framtida og på livet For snart to år sidan fekk Karina Haaland frå Fitjar beskjeden om at ho fekk...

Les meir ...
annonse

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse