Landemerke til gjenbruk

Den store dieseltanken blei fjerna då Odd Larsen moderniserte gjestehamna si i sommar, men no blir han snart teken i bruk igjen.

Den store tanken til Larsen er ferdig som dieseltank, men Rydland Storfe reknar med å få god bruk for han. I den store fellesfloren på Rydland har dei over hundre beistalevande gåande, og dei produserer ikkje berre mjølk. På årsbasis lagar dei ca. 1800 kubikkmeter kuskit.

Under floren er det motting med plass til berre rundt 500 kubikkmeter, så dei har bruk for ein god del lagerplass i tillegg. Det er nemleg ikkje lov å spreia møk i vinterhalvåret, dvs. utanom vekstsesongen. Og dei må lagra møka fram til mars når det igjen er lov å spreia møk.

Ein del møk pumpar dei over i møkasiloar på gardane til Harald og Karl André Rydland. Rett ved sida av fjøset står ein gammal møkasilo på 314 kubikkmeter, og den gamle dieseltanken på 132 kubikkmeter bli eit godt tilskot. Så no bør dei vera i stand til å lagra nok møk til at dei kan venta med spreiing til det er lov om våren.