Ny mjølkeprodusent i Fitjar!

I dag er det vanleg at bønder sluttar med mjølkeproduksjon. Derfor er Bård Inge Sørfonn - og kona Elin - å rekna som kjerringa mot straumen. For dei har nett starta opp med mjølkeproduksjon på Vestbøstad, noko kollegaene i Fitjar Bondelag veit å setja pris på.

Bøndene ønskjer den nye mjølkeprodusenten velkomen, og dette blei markert av styret i Fitar Bondelag laurdag føremiddag. Lars Ove Rimmereid hadde med seg ein kalv på 2-3 månader, som gåve frå Fitjar Bondelag til dei nye kubøndene. Leiaren i Fitjar Bondelag, Reidar Kloster, heldt ein kort tale, for å ønskja Elin og Bård Inge Sørfonn velkomne i gjengen.

Dei begynte for nokre månader som flunkande nye mjølkebønder i fjøset til Jostein Sandvik på Vestbøstad. Der har dei pakta jorda og fjøset hans - og ein mjølkekvote på 42 000 liter i året. I tillegg paktar dei litt meir jord i nabolaget på Vestbøstad og litt i Skålavikjo. For å utnytta mjølkekvoten må dei ha 7-8 kyr i produksjon. Det er om lag det som er plass til i fjøset, som er både velstelt og lettstelt. Her skal alt vera etter dagens forskrifter, også med eigen inngang for gjester, og eiga smittesluse. Dvs. at du må gjennom to rom og ta på deg støvlar og klede før du får lov å gå inn til dyra i fjøset.

I tillegg til kyrne, driv Bård Inge og kona med villsauer i Fodno, der dei har overteke slektsgarden til Bård Inge. Dei har svidd over 1000 mål beite på eigedommen sin og på naboeigedommen, som dei paktar. Det gjorde underverk for beitet, ikkje minst ved at dei blei kvitt mengdevis med handtikka (flått). Dei satsar på å ha rundt 25 vinterfora villsauer i Fodno. I snitt får dei eitt lam per villsau, og i år har dei levert 25 lam til slakt.

Mjølkeproduksjonen utgjer saman med dei 25 sauene rundt eitt årsverk, fortel eit entusiastisk ektepar i kor. Det er tydeleg at dei lever og åndar for prosjektet sitt, og det er derfor godt å sjå at dei andre bøndene har teke vel imot dei.

Etter markeringa på Vestbøstad drog heile styret i bondelaget til Håkon Hovstad for å gi han ei gåve i høve det nye hønsehuset. Reidar Kloster i Fitjar Bondelag fortel elles at dei planlegg møte 16. oktober for å diskutera potetproduksjon i Fitjar. Forsøksringen og representantar for Fylkesmannen i Hordaland blir med for å lufta om det er interesse for å starta med potetproduksjon igjen. Ei tradisjonsrik næring som nesten har gått heilt ut i Fitjar.