Torsdag 19. April 2018


Ny mjølkeprodusent i Fitjar!

I dag er det vanleg at bønder sluttar med mjølkeproduksjon. Derfor er Bård Inge Sørfonn - og kona Elin - å rekna som kjerringa mot straumen. For dei har nett starta opp med mjølkeproduksjon på Vestbøstad, noko kollegaene i Fitjar Bondelag veit å setja pris på.

Bøndene ønskjer den nye mjølkeprodusenten velkomen, og dette blei markert av styret i Fitar Bondelag laurdag føremiddag. Lars Ove Rimmereid hadde med seg ein kalv på 2-3 månader, som gåve frå Fitjar Bondelag til dei nye kubøndene. Leiaren i Fitjar Bondelag, Reidar Kloster, heldt ein kort tale, for å ønskja Elin og Bård Inge Sørfonn velkomne i gjengen.

Dei begynte for nokre månader som flunkande nye mjølkebønder i fjøset til Jostein Sandvik på Vestbøstad. Der har dei pakta jorda og fjøset hans - og ein mjølkekvote på 42 000 liter i året. I tillegg paktar dei litt meir jord i nabolaget på Vestbøstad og litt i Skålavikjo. For å utnytta mjølkekvoten må dei ha 7-8 kyr i produksjon. Det er om lag det som er plass til i fjøset, som er både velstelt og lettstelt. Her skal alt vera etter dagens forskrifter, også med eigen inngang for gjester, og eiga smittesluse. Dvs. at du må gjennom to rom og ta på deg støvlar og klede før du får lov å gå inn til dyra i fjøset.

I tillegg til kyrne, driv Bård Inge og kona med villsauer i Fodno, der dei har overteke slektsgarden til Bård Inge. Dei har svidd over 1000 mål beite på eigedommen sin og på naboeigedommen, som dei paktar. Det gjorde underverk for beitet, ikkje minst ved at dei blei kvitt mengdevis med handtikka (flått). Dei satsar på å ha rundt 25 vinterfora villsauer i Fodno. I snitt får dei eitt lam per villsau, og i år har dei levert 25 lam til slakt.

Mjølkeproduksjonen utgjer saman med dei 25 sauene rundt eitt årsverk, fortel eit entusiastisk ektepar i kor. Det er tydeleg at dei lever og åndar for prosjektet sitt, og det er derfor godt å sjå at dei andre bøndene har teke vel imot dei.

Etter markeringa på Vestbøstad drog heile styret i bondelaget til Håkon Hovstad for å gi han ei gåve i høve det nye hønsehuset. Reidar Kloster i Fitjar Bondelag fortel elles at dei planlegg møte 16. oktober for å diskutera potetproduksjon i Fitjar. Forsøksringen og representantar for Fylkesmannen i Hordaland blir med for å lufta om det er interesse for å starta med potetproduksjon igjen. Ei tradisjonsrik næring som nesten har gått heilt ut i Fitjar.

 

Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestr…

18.04.2018 Kjetil Rydland

Bjørg Strømme og bygdekvinnene har mange jern i elden. Foto: FP-arkiv/KR.  Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestreif  Bli med på bygdekvinnestreif i Omvikdalen 28. april, oppmodar Bjørg Strømme i ei pressemelding.

Les meir ...

Jenter med vinnarvilje!

17.04.2018 Kjetil Rydland

Lagkaptein Marion Træet og Siren Vik hadde god kontroll på midtbanen. Foto: Kjetil Rydland.  Jenter med vinnarvilje! I det sure regnet tysdag kveld var det Fitjar-jentene som viste både mest vilje og...

Les meir ...

Kjem du på Strandabasaren komande laurda…

17.04.2018 Kjetil Rydland

Fullt hus i Stranda bedehus på ein tidlegare Strandabasar. Foto: FP-arkiv/HCH.  Kjem du på Strandabasaren komande laurdag? Laurdag 21. april kl. 16.00 er det klart for ny basar i Stranda bedehus, og...

Les meir ...
annonse

Fitjar Idrettslag saknar fana si

17.04.2018 Kjetil Rydland

Slik ser den flotte fana til Fitjar Idrettslag ut, i alle høve såg ho slik ut då Fitjarposten tok dette biletet i mai 2012. Foto: FP-arkiv/KR.  Fitjar Idrettslag saknar fana si Dagleg...

Les meir ...

Øvrebygda-rektoren vil skifta skule

17.04.2018 Jonas

Øvrebygda-rektoren vil skifta skule Rektor ved Øvrebygda skule, Sigbjørn Aarland, er ein av fire søkjarar til stillinga som rektor ved Rimbareid skule.

Les meir ...

Hjartestartarar på ferjene til Fjord1

17.04.2018 Kjetil Rydland

F.v. HR-leiar i Fjord1, Cicilie Færestrand, maritim leiar Stig Hestetræet i Nordic Fire & Safety AS, og Monica Nyheim i verne- og miljøutvalet i Fjord1. Hjartestartarar på ferjene til Fjord1 Alle ferjene...

Les meir ...
annonse

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass

18.04.2018 Harald Johan Sandvik

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass Olaug Haugen er ny rådmann i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik Påtroppande rådmann Olaug Haugen var med på sitt første politiske møte i Fitjar...

Les meir ...
annonse