Tirsdag 17. Juli 2018


3750 nye høner på Hogste

Torsdag ettermiddag kunne Håkon Hovstad ta imot 3750 høner i det nye hønsehuset sitt. Endeleg var huset klart etter hektisk aktivitet dei siste vekene.

Eigentleg skulle hønene ha komme for rundt ein månad sidan, men det har drege ut med å gjera alt klart i det nye, topp moderne hønsehuset. Utvendig har huset vore meir eller mindre klart lenge, men det har vore krevjande å få alt det avanserte utstyret til å fungera som det skal. Håkon har kjøpt innreiinga hos det norske firmaet Fjøssystemer , som igjen har kjøpt innreiinga frå Tyskland. Big Dutchman heiter systemet, og tre litauarar har arbeidd over ein månad med monteringa. Det var ganske spennande å sjå Håkon demonstrera korleis det fungerer. Når høna har lagt egget, legg det seg i ei renne med eit transportband. Dette startar dei manuelt når det har komme ein del egg i renna. Egga går så gjennom ein heis og på transportband ut i rommet der Håkon skal stå og setja egga på brett.

I alt skal huset ta 7500 høner, men torsdag blei berre halve huset teke i bruk. Om 7-8 månader blir også den andre halvdelen av huset teken i bruk, når det kjem nye 3750 høner. Hønene som kom i dag, reknar han med å ha i rundt 60 veker før dei blir avliva. Håkon satsar på å skifta ut halvparten av hønene om gongen, slik at han aldri går tom for egg. På denne måten vil det bli lettare å halda på kundane; etter som dei veit at det alltid vil vera egg å få på Hogste. Det er få store leverandørar i distriktet, så det er viktig å halda oppe produksjonen utan stans. Kor han skal levera alle egga er ikkje heilt avklart enno, men han har fleire store kundar frå før. Desse vil kunna ta noko meir enn dei har gjort hittil. Marknadssituasjonen for egg skal ikkje vera altfor vanskeleg, men det kan vera fare for ein viss overproduksjon fram til 31.12.2011. Etter den tid blir dei gamle bura ulovlege. Dei som ikkje har oppgradert til den nye burtypen må slutta av då. Nortura betaler i dag 45 øre meir for kiloen til dei som har nye bur.

Hønene som kom til Hogste torsdag ettermiddag, er 21 veker gamle. Dei har allereie begynt å verpa; det kunne me sjå i vognene dei blei leverte i. Eigentleg vil Håkon ha hønene når ei er 16 veker gamle, i god tid før dei begynner å verpa. Det er betre økonomi i å fora dei sjølv dei siste vekene. Torsdag kom 400 brune høner av rasen ”Hy-line” frå Nederland  Desse produserer brune egg, som ikkje skil seg vesentleg frå dei kvite, bortsett frå i farge. Dei resterande 3350 hønene er kvite, av rasen ”Shaver” som opphavleg er avla fram i Canada. Nils Undheim i leverandørfirmaet Børge Undheim AS fortel at besteforeldra til alle  hønene på Hogste er importerte frå Nederland og at stamtavlene er nøye kontrollerte.

Før i tida hende det gjerne at det dukka opp ein og annan hane i flokken, men sjansen for det er forsvinnande liten i dag. Nils Undheim fortel at 99 % av hanane blir sorterte ut og destruerte allereie første dagen etter klekking. Dei brukar japanske spesialarbeidarar til denne jobben. Dei sorterer 3000 kyllingar i timen; dvs. at dei bruker 1,2 sekund per kylling! Grunnen til at asiatane er så flinke er at dei har så gode auge, seier dei sjølve. Kanskje og at dei er godt trena i å skilja tusenvis av skriftteikn frå kvarandre. Ein annan grunn til at det kan gå så ekstremt fort, er at det ikkje lenger er nødvendig å sjekka kjønnsorgana på dei små kyllingane. No har ein nemleg klart å avla fram andre forskjellar som er lettare å sjå. På dei kvite hønene ser ein det på fargen på fjørene på vengene. På dei brune hønene er det endå enklare; her er dei nyklekte hanekyllingane kvite og hønene brune.

http://www.bernalpublishing.com/poultry/essays/essay12.shtml

Med den effektiviteten dei japanske spesialistane viser, klarer dei å dekkja heile den norske marknaden for kjønnssortering, som er på 2-3 årsverk. Og hovudtyngda av denne produksjonen går for seg på Jæren. Nils Undheim fortel at han leverer om lag 350 000 verpehøner i året. Dvs. at han har nesten 100 leveransar av dagens storleik i året.

Håkon reknar med at i løpet av få dagar vil dei aller fleste hønene ha begynt å verpa, slik at produksjonen nærmar seg 3750 egg per dag. Då er det berre å kryssa fingrane for at systemet fungerer som det skal.

Nils Undheim leverte hønene i vogner med 98 stykke i kvar. Foto: Kjetil Rydland.
Nils Undheim leverte hønene i vogner med 98 stykke i kvar. Foto: Kjetil Rydland.
Taket er dekt med nesten 10 000 H-panner. Fôrsiloane til høgre er på 30 kubikkmeter kvar. Foto: Kjetil Rydland.
Taket er dekt med nesten 10 000 H-panner. Fôrsiloane til høgre er på 30 kubikkmeter kvar. Foto: Kjetil Rydland.
Hønene hadde alt begynt å leggja egg, og fann snart ut av matserveringa. Foto: Kjetil Rydland.
Hønene hadde alt begynt å leggja egg, og fann snart ut av matserveringa. Foto: Kjetil Rydland.
Fire mann lempa ei og ei høne inn i bura. På eit par timar hadde dei plassert 3750 høner. Foto: Kjetil Rydland.
Fire mann lempa ei og ei høne inn i bura. På eit par timar hadde dei plassert 3750 høner. Foto: Kjetil Rydland.
Egga kjem på transportband, og ved dette bordet skal Håkon eller andre i familien stå og sortera dei. Foto: Kjetil Rydland.
Egga kjem på transportband, og ved dette bordet skal Håkon eller andre i familien stå og sortera dei. Foto: Kjetil Rydland.
Er dei ikkje fine? spør Rolf Petter. Foto: Kjetil Rydland.
Er dei ikkje fine? spør Rolf Petter. Foto: Kjetil Rydland.

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse
annonse

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No…

12.07.2018 Jonas Sætre

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No ser eg veldig lyst på framtida og på livet For snart to år sidan fekk Karina Haaland frå Fitjar beskjeden om at ho fekk...

Les meir ...
annonse

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse