Kranseskål for ny båtgarasje

Fitjar småbåt og fritidsservice kunne i dag feste siste skruen i stålsperrene for den nye båthallen. Dermed var det klart for kranselag med pizza, kaffi og cola.

Den nye båthallen vil stå ferdig i midten av september, og vil gi plass til 110 nye båtar. Då vil båthotellet ha plass til 180 båtar totalt, og bestillingane er allereie begynt å koma inn. Til å drifte det nye tilbodet, har Fitjar Småbåt og fritidsservice vidare tilsett Arnt Helland, i tillegg til dagleg leiar Oddvar de Fine.

Samstundes med oppbygginga av den nye hallen, har firmaet òg sett av plass til ein verkstad på 320 kvadratmeter. Her skal ein mellom anna kunne utføre reparasjon og vedlikehald på båtmotorar. Etter planen skal verkstaden vera ferdigstilt 1. november.