Fredag 19. Januar 2018


Kanonopning av Larsenkaien

Som tradisjonen er i Fitjar, ved store anledninger, smell det frå kanonen til Karl Gloppen. Det gjorde det òg på laurdag då den nye Larsen-kaien vart opna.

Men kanonskota var sjølvsagt berre ein liten del av det som skjedde. Det er rettare å seie at det var kanonopning - i dobbel forstand.

Odd Sverre Larsen orienterte om utbygginga, Geir Bjarte Hatlevik var på plass igjen som gamal fitjarbu, Øystein Kloster song til komp av revyorkesterfolk, Agnar Aarskog leia det heile med sikker hand - og "fitjarambassadørane" Synnøve Levåg og Arne Kjelsnes, i høvelege sjømannsdrakter, klypte snora i nasjonale fargar. Synnøve las òg opp prolog. (Sjå nedanfor).

Det fantastiske vêret gjorde òg sitt til at det vart mykje folk, og kjempefin sommarstemning, på kaien, som no framstår så fin som han aldri har vore før. Me har sagt det tidlegare. Det er sjøvegen folk bør koma når dei skal til Fitjar. Og med den kaifasaden, og dei nye fascilitetane  som lyser mot dei no, er innseglinga vakrare enn nokonsinne.

Etter den offisielle opninga vart det gratis marsipankake, is, kaffi og saft, for alle som ville ha. Og det var mange...

--

Her er prologen til Synnøve Levåg:

Allerede på 900 talet har me dokumentert at folk gjekk i land
Den gongjen va da nok bere ei strand
Eiriksønene måtte nok allerede ved Fodnalandet gå ut or båten
Og vassa te lands so boksena vart råten

Men folkje på Fitjar såg ittekvart kva so trongs
Di tok seg i ferde med å grava på kryss og på longs
Meir og meir kai kom t ittekvart
Og ingjen på framtio såg svart

Kaien vart god og leggja båta innte med vind i frå adle kanta
Men nordavinden sterke gjorde at båtane konde kantra
Då tenkte Odd Sverre og Vidar at no e da nok
Di konde kje klara å sjå på at fleire båta sokk

Di sette igong å grava og fylte i med steina frå tusenvis av lass
Alt låg te rette frå før med dusj og med dass
No va da bere å stengja ute nordavinds herjingjo eingong for alltid
Me har sitt ittekvart kor da tok form og sa ’SALTI!  
Ditta kjeme t å bli da flottaste anlegg!’- og da e da blitt
Arbeidsfolkjo har gjøne vinteren arbeidt og slitt
For at øyafolk, hyttefolk og båta frå heila distrikte
Konde leggja t i ei båthavn di steikjande likte
No kan di liggja i allslags vær og koppa og kar kan stå lause
Og di trenge ikkje lenger båten å ause

Odd Sverre og Vidar e hoppande gla og fornødde
Handelen går so da susa og adle vert fødde
Torolfen kan kje heilt tru ka so skjer
For aldri før har da vore so møkje folk her

Folk i frå øyane, bydn og Fodno
Teke med seg fruen og adle bodno
Leggje t kai hos Larsen og hoppa i land
Itte at båten e fortødde med ei kyndige hand

Kono står ofta framme på bauen
Og då kan de veta, at då bjynda sjauen
Kjeringjo grine og manen gaula
På kaien e da selfølgele so møkje folk at da aula.

Av og t ser me kvinnfolk so styre
Mannen e dekksgut med oljehyre
Men når kjeringjo ska bakka men framøve rykke
Veit me at da har aldri gitt nåke lykke
E di heldige so havna di på bryggjo og sklir tå
Men likavel slår di seg gule og blå

 

Allslags båta sige te kaien
’Storeknut’, ’Gjeldsfri’, ’Hurtigruto’ og ’Laien’
Noken har maste so høge so mølle
Og gjedna ein liten plastbåt i følle

Andre e store so noken beist
Med allslags vimpla og flaggje e heist
Utor disse kjeme da ofta miljonera
Da e i alle fall da de vil vera
De handla hos Larsen alt so de trenge
Og mangla de gryn hjelpe bankjen med penge

Moloen e långe og rekke långt ut på fjorden
Der kan ongane sitja å eta is med bestemoren
Andre fiska med stong og drar opp både pala og lyr
T og med ser me at noken sete med broderiet og syr

Fitjar har fått seg ei  sabbandis havn
Den kjeme te verta til adle sitt gavn
Odd Sverre og Vidar er føregangsmenn
Med vyer og tankar øve et langt spenn
Uten ei krona i bidrag frå andre
Ordna de kai uten nåken å klandre

Sånn kan me likavel utvikling få
Når nåken tar sjangsen; at ditta ska gå
Me ynskje at Larsen sin kai vert ei havn folk vil vitja
For kjekkare plass fins ikkje som Fitjar

Synnøve Levåg

 

 

 

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...
annonse
annonse

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholm…

15.01.2018 Jonas Sætre

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholmen innan fristen Sjølv om leigeforholdet med Fitjar kommune gjekk ut ved nyttår har dei frivillige endå ikkje rydda ut av den kulturhistoriske eigedomen.

Les meir ...

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...

Badesesongen i full gang

14.01.2018 Kjetil Rydland

Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.  Badesesongen i full gang Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Les meir ...
annonse

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...