Administrasjonsbygget i Koløyholmen rive i dag

Eit minne om ei svunnen tid er ikkje meir, etter at administrasjonsbygninga frå Isak Koløen si tid, vart riven og knust til pinneved i dag.

-I første omgang var det denne bygninga, og lagerskura ned mot sjøen, som skulle vekk. Dei andre husa vil bli ståande til reguleringsplanen for området ligg føre, opplyser Kjell Koløen til fitjarposten.no.

Han kan vidare fortelje at det i si tid var Ole Hovstad og Tørres Koløen, i tillegg til Isak Koløen, som bygde opp det etter kvart så kjende trelastfirmaet i Koløyholmen.
Ole og Tørres trekte seg ut etter kvart, mens Isak fortsette med trelastfirmaet "Isak Koløen AS".

I 1976/77 bygde firmaet nytt på Sjoareset, og hadde ei tid arbeid både der og i Koløyholmen. I 1992 opphørte Isak Koløen AS, og H-3 tok over trelastfirmaet på Sjoareset for ei stund, før J. Fjeldtvedt AS kjøpte av dei igjen.  Dei siste åra har firmaet ekspandert sterkt.

androgenic steroids ciclo steroidi sicuro