Laurdag 21. Juli 2018


Siloslåtten i Fitjar snart i gang

Til markvandring på Fitjargarden tysdag ettermiddag møtte 10-12 interesserte bønder opp. Bart van Gool frå Forsøksringen Hordaland gjorde det klart at bøndene kan begynna å slå i silo kor tid som helst. Etter eit par timar på bøane til Tore Sigurd Fitjar var van Gool klar i sin konklusjon. Han hadde invitert til markvandring saman med Felleskjøpet Rogaland-Agder og TINE-meieriet. Formålet var å få diskutert ymse tema med bøndene, som slåttestrategiar, fôrkvalitet og –mengde, konserveringsstrategiar, hausterutinar osv. Med seg hadde han Einar Tvedt frå Forsøksringen, foringsrådgivar Ola Alne frå TINE-meieriet og Egil Hervik frå Felleskjøpet Rogaland-Agder. Sistnemnde er konsulent på tonnevarer, dvs. gjødsel, kraftfôr, såvarer og ensileringsmiddel.

Og bøndene deltok ivrig i diskusjonen langs bøane til Tore Sigurd. Audun Inge Torvund i Fitjar kommune fortel at slike samlingar var årvisse før, men at dei no har blitt litt sjeldnare. Før fokuserte ein gjerne meir på nytt utstyr som kunne gjera arbeidet til bonden lettare. Men ein har etter kvart nådd eit mettingspunkt når det gjeld dyre investeringar i landbruket. I dag fokuserer ein meir på det biologiske grunnlaget for ei god avling.

Tore Sigurd viste fram god eng på av forskjellig alder, frå 2 år og opp til 12 år. Bart van Gool kunne konkludera med at raigraset har skote, og då er det berre å gå i gang med slåtten. Timoteien har og begynt å skyta, og bør slåast om ei veke. Men det er alltid fleire omsyn å ta når ein skal bestemma seg for kor tid ein begynner slåtten. Tidleg slått gir gjerne betre for, men mindre mengde. Dersom ein slår no, får ein meir høgverdig for som eignar seg til høgtytande mjølkekyr. Om ein ventar litt, vil fôrmengda auka, men andelen NDF – "non digestive fibre", ikkje-fordøyeleg fiber – vil også auka. Dermed blir det ein balansegang mellom mengde og fôrkvalitet. Kyr som produserer mykje mjølk krev naturlegvis det beste foret. Andre faktorar som bestemmer kor tid ein slår, er planane for beiting eller ev. 2. og 3. slått seinare på året. Og så må jo bonden naturlegvis ha maskinar og siloar klare før han kan begynna. Og det krev jo sitt.

Ola Alne avslutta samlinga med å ønskja lykke til med slåtten – og håpte at regnet kjem straks den er ferdig. Og lykke til kan dei trenga, om dei - som Tore Sigurd Fitjar - har fleire hundre mål gras å fara over med forhaustaren sin. Men så klarer dei gjerne 70 - 80 mål for dagen. For oss som voks opp med å stå og hesja heile sommaren, er det rart å tenkja på.

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...
annonse
annonse

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...
annonse

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...
annonse