Karatesamling i Fitjar

Det er ikkje kvar dag japansk ljomar i veggene i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Men sist laurdag og søndag fekk heile 60 karateentusiastar høyra fire "sensei" – instruktørar – ropa ut sine kommandoar på japansk ichi – ni – san … 1 – 2 – 3 …

Treningssamlinga til Fitjar Karate Senter i kultur- og idrettsbygget samla endå større oppslutnad enn Sukhwinder Koløen hadde venta seg. Dei 60 deltakarane frå 7 år og oppover kunne gleda seg over det ypparste av karateinstruksjon som kan oppdrivast i mils omkrins. 

Det store trekkplasteret var naturlegvis regjerande noregsmeister Helge Sæle frå Lyderhorn Karateklubb i Bergen. Saman med dei andre instruktørane, Arvid Damm frå Karmøy Karate Senter, Tom Erik Bjølgerud frå Bømlo Karate Senter og Sukhwinder Koløen gav han deltakarane ei ugløymeleg helg.

Eit relativt kyndig øyra for japansk språk syntest det var artig å høyra på instruksjonen. Helge Sæle fortel at han reiser til Japan eit par gonger i året for å vidareutvikla seg og halda på posisjonen sin som sensei i karate. Der borte føregår treninga på japansk, så etter kvart har han lært seg ein del av språket. Karate – som tyder ”tom hand” – er ikkje berre ein idrett, men og eit stykke japansk kultur.

Du kan lesa meir på desse nettsidene: www.karatesenter.no eller www.lyderhorn.no