Sykkelrebusløp i Øvrebygda søndag

Øvrebygda 4H skipar også i år til sykkelrebusløp. Start ved Øvrebygda skule søndag kl. 14.30 – 15.00. Det er ikkje første gongen dei skipar sykkelrebusløp, allereie rundt 1980 arrangerte dei det første løpet. Den gongen deltok mange både unge og gamle.  Men ymse grunnar har ført til at 4H-klubben ikkje har klart å halda tradisjonen oppe. Dei siste åra har dei kome i gang igjen, og no satsar dei på å vidareføra tradisjonen.

Startkontingenten er 10 kr per person på laget; kvart lag kan maks. ha fem personar. Syklinga blir i all hovudsak ikkje ute på riksvegen, slik at både store og små trygt kan vera med og sykla. Etter løpet blir det sal av pølse i brød, vaflar, saft og kaffi. Og sjølvsagt premieutdeling!

Øvrebygda 4H oppmodar alle om å møta opp – og minner om sykkelhjelm.Atterhald om vêret – er du i tvil, kan du ringja Liv Siri Andresen 971 69 386.