Viktig møte om øyane på torsdag

-Prosjektet "Næringsutvikling i Fitjarøyane vil stifte eit eige interesselag. Det skjer i kulturhuset torsdag 24. 4. kl. 19.00

-Konklusjonen på arbeidet som er gjennomført i 2007 er at Fitjarøyane har potensial for næringsutvikling basert på verdiane som ligg i natur- og kulturlandskapet. Arbeidsgruppa foreslår å skipe eit interesselag som kan representere brukarar og eigarar slik at dei kan verte høyrd når politiske avgjersler skal takast. Eit interesselag kan også organisere ulike samarbeidsprosjekt og søkje om midlar til fellestiltak.

 

Samarbeid Fitjar/Bømlo

I det vidare arbeidet er Bømlo kommune og eigarar/brukarar av øyane der inviterte til å delta. Dette samarbeidet startar med eit samarbeidsmøte i Brandasund den 3. april. Det er gitt løyving til prosjektleiar for arbeidet med stiftinga av eit interesselag for næringsutvikling på Fitjarøyane, og til oppfølging av verksemder på øyane.

Stifting av interesselag

Den 24. april vil det verte arrangert eit stiftingsmøte for eit interesselag for næringsutvikling på Fitjarøyane. Møtet vert arrangert i kulturhuset i Fitjar kl. 19. På møtet vil ein få presentert det arbeidet som er gjort.  Første del av møtet er ope for alle, medan sjølve stiftinga er for dei som ønskjer å vere med i interesselaget som stiftarar, heiter det på kommunen sine sider. Les meir på www.fitjar.kommune.no