Nyskapingskonferanse - med

-Ungt entreprenørskap og grøn innovasjon er hovudtema på årets Nyskapings-konferanse på Høgskolen Stord/Haugesund, 7. mai frå kl. 1100 – 1700. Der vil også vinnarane av elev-bedriftskonkurransen få overlevert sine premiar på 10.000 kroner. Det skriv leiar i SNU, Hege Økland, i ei pressemelding. Les resten av pressemeldinga nedanfor.

Det er Industrinettverket  VIS, SNU og Stord Næringsråd som står bak årets konferanse - med Sparebanken Vest som viktig økonomisk medspelar, saman med sponsorane KPMG og Bladet Sunnhordland.

Hovudmålgruppa for arrangørane er personar eller grupper som ynskjer å starta næringsverksemd for seg sjølv, men også næringspolitikarar, eksisterande bedrifter og andre interesserte er velkomne til ein dag der nyskaping og gründerskap står i fokus.

Mellom innleiarane som skal i elden under ungt entreprenørskap er adm. dir. Gunvor Ulstein i Ulstein-gruppa som vil fortelja kvifor det er viktig å for industrien å koma på banen tidleg i utdanningsløpet – gjerne allereie frå barnehagen.

Agnes Bergo, som har røter frå Stord, er kjent som pengedoktor og har skrive bok med gode råd til nyskaparar som me håpar ho vil dela med nyskaparane i salen.

Stordabuen Arne Brufladt Svendsen og svigerfaren hans, Tørris Digernes, der den eldste av dei to sistnemnde har utvikla eit nytt utrekningsprogram (PROMAPS) for å analysera kor pålitande leveringa av elektrisk kraft i kraftnett er - mens den yngste (Arne Brufladt Svendsen) er med på å kommersialisera det gjennom Troll Power der han er medeigar.  Eitt av høgdepunkta på konferansen vert utdelinga av to premiar, kvar på 10.000 kroner, til dei beste elevbedriftene i regionen. I alt 10 slike bedrifter har delteke i konkurransen. Fem av dei får syna sine forretningsidéar/produkt på Nyskapingskonferansen.

SørNorge Aluminium har vald å satsa på kol som framtidig energiberar, og prosjekterer no eit stort kolkraftverk på Husnes. Er dette framsteg - eller eit steg tilbake til fortida? Mannen som skal ta over som direktør på SørAl etter Jan Yttredal, Per Øyvind Sævartveit, skal orientera nærare om kolkraftverket - og den rensemetoden dei har vald for å fanga koldioksiden.

Aker Solutions er i gang med å førebu bygginga av eit demonstrasjonsanlegg på Kårstø for å syna at deira "Just catch"-teknologi er effektiv for å fanga den koldioksiden som finst i eksosen frå det nye kolkraftverket på gassterminalen. Sverre Myklebust er prosjektleiar og skal orientera om denne løysinga på konferansen. Energiselskapet Lyse i Rogaland offentleggjorde på nyåret at dei planlegg ein diger vindmøllepark sør i Nordsjøen. Heile 200 store vindmøller skal installerast på 40-60 meters havdjup 13 mil sørvest for Lista.

Sørlege Nordsjøen Vinkraftanlegg skal kunna levera inntil 4,5 milliardar KWh (4,5 TWh) når det står ferdig. Planlagt byggestart: 2014. Lyse sin prosjektleiar for offshore-vindmøllene, Stig Svalheim, kjem til Rommetveit for å orientera om dette spennande prosjektet.
Også Bergenhalvøens Kommunale Kraftverk (BKK) satser som før på fornybar energi: Sol og vatn.

Energidirektør Wenche Teigland som har vore med i det nasjonale programmet Energi21 er den fjerde innleiaren om grøn innovasjon.
 I fjor og i 2006 deltok rundt 100 interesserte på Nyskapingskonferansen. Målet i år er å samla minst like mange, helst litt fleire. Litt musikalsk underhaldning vert det også - i tillegg til lunsj og middag. Og det kostar ikkje eit raudt øre å delta på konferansen!

Meir informasjon om Nyskapingskonferansen kan ein få ved å retta seg til:SNU v/ Hege Økland, Tlf: 53 40 15 50, Mob: 957 53 695 ellerIndustrinettverket VIS v/ Astrid Kjellevold Steinsland, tlf: Tlf: 53 41 81 22 eller Mob: 45 28 99 28