7500 høns på Hovstad

Å gjera to fjør til fem høns, sa dei før. Det betyr å overdriva eller fara med oppspinn, gjerne for å imponera. Håkon Hovstad imponerer, men fer ikkje med oppspinn når han fortel at han byggjer hønsehus for 7500 høns heime på høgaste Hovstad. Tysdag føremiddag var han i full gang med å reisa veggene til det nye hønsehuset sitt. Han har fått planert eit område på over eitt mål, og der står grunnmuren til eit hønsehus på 750 kvadratmeter. Det skal husa 7500 høns – innehøns – som kan kanskje kan klaga over at dei ikkje får komma ut. Men utsikta kan dei ikkje klaga over, med utsikt over halve Ovbygdo og Stordafjellet i aust.

Veggene er komne i element frå Finnøy betong, og består av betong og isopor. Elementa veg opp mot 8 tonn kvar. Men det er ikkje noka stor utfordring for den store mobilkranen til Stangeland Kran. Christian Tolås losar elementa fint på plass med kranen som for anledninga stikk 33 meter til vers. Han kan lett handtera 8 tonn i ein radius av 18 meter med kranen sin. Om han forlengjer kranen til maks lengde – 48 meter! – kan han handtera rundt 1,5 tonn i ein radius av rundt 50 meter.

Fitjarposten kjem tilbake med fleire reportasjar etter kvart som huset reiser seg, og det nærmar seg innflytting for dei 7500 hønene. Håkon Hovstad fortel at det kjem vel med å vera ung i hovudet. Hønseriet vil nok krevja rundt eitt årsverk, som kjem i tillegg til gardsdrifta elles, i hovudsak mjølkeproduksjon i Hogste Kulag DA.