Heider til Fitjar-bønder

I ei tid med store strukturendringar i norsk landbruk, viser bønder frå Fitjar at dei klarer å henga med i utviklinga. På årssamlinga for Fitjar, Stord og Bømlo produsentlag i TINE på Huglo nyleg, fekk Einar Tislevoll og Hogste Kulag DA utdelt plakettar for elitemjølk.

Blant dei som fekk utdelt plakett for levering av elitemjølk samanhengande i 10 år, finn me Einar Tislevoll. Lillian Hovstad tok imot 5-årsplaketten på vegner av Hogste Kulag DA. Elitemjølk er mjølk av beste kvalitetsklasse både med omsyn til bakteriar og celletal.  

Bakterietalet fortel om reinhald og kjøling av mjølka er skikkeleg, medan celletalet - stort sett innhald av kvite blodlekamar i mjølka - fortel om kyrne er friske og vert handsama godt. Jurbetennelse, gjerne skjult, vil alltid heva celletalet, uvøren malking og t.d. for høgt vakuumnivå vil også føra til at kua produserer og skil ut i mjølka kvite blodlekamar.  

På nettstaden til TINE Meieriet Vest http://tinevest.no/ kan me lesa at formålet med å dela ut plakettar er å påskjøna dyktige og interesserte mjølkeprodusentar. Ved å auka interessa for godt fjøsstell får ein og levert meir mjølk av særs god kvalitet. Bøndene får eit tillegg i prisen på 6,5 % for levering av kumjølk i eliteklassen. Av reglane til TINE går det elles fram at det blir sett store krav til desse heidersmerka, som såleis borgar for god kvalitet på mjølka.