Odd Sverre Larsen ny leiar i Næringsrådet

Under årsmøtet til Fitjar Næringsråd i kveld, vart Odd Sverre Larsen valt til ny leiar etter Ole Vidar Lunde, som takka av etter seks år som næringsrådsformann.

Det nye styret i Fitjar Næringsråd ser elles slik ut:

Odd Sverre Larsen, leiar
Monika Hatlevik, nestleiar
Tom Innvær, nytt styremedlem
Harald Rydland, politisk oppnemt.

Før årsmøtet fekk deltakarene ei omvising i produksjonslokala til Fjeldtvedt, og etter valet var det eit innlegg ved Tor Henning Vestbøstad, som mellom anna la fram idear til korleis ein kunne få fleire folk til å etablere seg på Fitjar.

Hege Økland frå SNU orienterte om nye tilskotsordningar, og om kva SNU kan hjelpe bedriftene med.