Fjeldtvedt fekk næringsprisen

Næringsprisen for 2007 vart i kveld utdelt til J. Fjeldtvedt AS, ved Espen Fjeldtvedt. Det skjedde under Fitjar Næringsråd sitt årsmøte i J. Fjeldtvedt sine lokaler på Sjoareset.

Fjeldtvedt AS har hatt ein utruleg fin utvikling og tilført Fitjar mange nye arbeidsplassar dei siste åra. Dei har vidare bygt opp firmaet til ei av landets mest moderne og teknologisk oppdaterte bedrifter innan denne bransjen. Og bedrifta ekspanderer stadig.

-Eg set stor pris på at andre i bygda synest det me held på med er verdt ein pris, sa Espen Fjeldtvedt då han tok imot prisen frå ordførar Harald Rydland.

-Men dette handlar ikkje berre om meg, men om dyktige leiarar på alle nivå i bedrifta. Dette er ein påskjøning til oss alle!, la han til.